Chat with us, powered by LiveChat

 

Malakoff er ein av dei største rockefestivalane i landet. No har dei skifta billettleverandør, og forklarar kvifor.

– Når vi har valt TicketCo som vår nye billettleverandør, er det tre gode grunnar til det, seier billettansvarleg Gunn Guddal i Malakoff.

– Aller først vil eg trekkje fram anbefalingane vi fekk frå samarbeidspartnarane våre i distriktet. Når aktørar som Sogndal Fotball råda oss til å sjå nærare på TicketCo, gjorde sjølvsagt dette at vi fatta interesse for kva dei kunne tilby oss, seier ho.

Eit av dei store fortrinna Malakoff fann då dei studerte TicketCo nærare, var verktøya for innsikt og at billettkjøparane får kjøpt billett på ein enkel og sikker måte.

– Vi har sakna eit godt analyseverktøy. Det er ikkje nok for oss å tru. Vi vil vite. Innsikta vi no får er av stor verdi for oss, og vil ha ein rein praktisk nytte blant anna når det gjeld å selje fleire billettar tidlegare. Som festivalarrangør er det eit mål å gjøre seg mest muleg uavhengig av været – og vere utsolgt før festivalportane opnar, seier Guddal, som gleder seg til å ta i bruk eit verktøy som har mange viktige og nyttige funksjoner samla i eit system.

– Sosiale media er viktige for oss. No får vi endra betre innsikt i effekten av det vi publiserer der, og kan lære å bli endå meir effektive, slår ho fast.

Malakoff blei starta i 2003, og feirar 15 års jubileum neste år. Festivalen har ein klar rockeprofil, og har lokka artistar som Biffy Clyro, Mastodon og Kaiser Chiefs til Nordfjordeid dei siste åra. I 2016 var det legenda Iggy Pop som toppa plakaten.

– Å selje 20.000 billettar i ein bygd med 6.000 innbyggjarar krev at heile bygda løfter i flokk, og det har vi fått til. Vi har vekse saman med bygda, og opplever ein fantastisk dugnadsvilje. Under sjølve festivalen er det meir enn 800 frivillige i sving for å gje artistar og publikum ein god oppleving – og det opplever vi at vi klarer. Ein ting vi då er opptatt av, er å unngå kø, og med TicketCo  vil vi kunne vere tilgjengelig for publikum på fleire arena samtidig, seier Guddal.

– Stadig større del av publikum kjem med digitale billettar på mobiltelefonen, og med TicketCo vil det gå hurtigare både å kjøpe og scanne billetten. TicketCo er brukarvennleg både for publikum og våre frivillige. Vi ønskjer minst mulig kø for Malakoff-publikumet, og det er vi trygg på at vi får enda betre til med overgang til TicketCo, avsluttar ho.

Foto: Tommy Bredesen

 

Pin It on Pinterest

Share This