Chat with us, powered by LiveChat

 

Onsdag 6. juli brakar Førdefestivalen 2016 i gang. Allereie frå måndag kan du få hjelpa du treng på festivalkontoret.

Førdefestivalen er ein av veteranane i festival-Norge. Heilt sidan 1990 har dei tromma saman til fem dagar med norsk og internasjonal folkemusikk frå heile verda, med eit programval som appellerer til eit ope og nysgjerrig publikum.

For at alt skal fungere når publikum og artistar strøymer til Førde, er festivalkontoret ein nøkkel. Frå måndag 4. juli finn du Fride Haugen og staben hennar på billettkontoret i Førdehuset, der dei er klar for å yte alle som treng hjelp førsteklasses service.

– Vi er festivalklare, seier Fride.

Ho fortel at dei tek i bruk ny teknologi i år.

– I samarbeid med TicketCo vil vi ha fleire iZettle-terminalar i bruk under festivalen, der publikum kan betale både for billettar og andre varer med bankkorta sine. Ein kan kjøpe billettar online, via mobilen eller direkte i skranken på billettkontoret, seier ho.

TicketCo ønskjer Fride Haugen og Førdefestivalen lukke til med årets festival, og anbefaler alle som er glad i norsk eller internasjonal folkemusikk om å ta turen til Førde.

Programmet finner du her, og du kan enkelt kjøpe billettar ved bruka knappen under.

Skjermbilde_2016-03-09_kl._13.00.03.png

 

TicketCo Admin app

TicketCo Wallet app

Utmerkede vurderinger:

© 2019 TicketCo AS

Pin It on Pinterest

Share This