Chat with us, powered by LiveChat

Vil du se hvordan TicketCo kan skape merverdi for deg som arrangør?

 

Måndag 20. juni møtte 150 spente gutar og jenter til Tine Fotballskule i Sogndal. Takket være TicketCo hadde arrangøren full oversikt over kven dei var, og kor store T-skjortar dei skulle ha.

Sogndal Fotball er kjend som ein mønsterklubb i norsk fotball. Klubben var den første i Tippeligaen som tok i bruk TicketCo, og til fotballskulen i år har dei og nytta arrangørverktøyet. Dette har gitt resultat.

– Eg kan ikkje minnast at vi har seld ut så raskt tidlegare, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball. Han har om lag ti års bakgrunn i klubben, som no har arrangert Tine Fotballskule i meir enn 20 år.

– Allereie to veker før start var kapasiteten vår på 130 elevar sprengd, men vi klarte å få tak i fleire instruktørar – slik at vi kunne auke til 150.

Heggestad fortel at det i fjor var like under 100 elevar med på fotballskulen.

– Veksten har vore formidabel, og TicketCo er nok ein av årsakene til dette. Systemet er så enkelt å bruke at alle meistrar det. I tillegg gjer det oss svært verdifull informasjon. I god tid før fotballskulen startar veit vi kor mange ungar det er frå kvart alderstrinn, slik at vi kan lage eit best muleg opplegg for alle, og alle kan få T-skjorte i riktig størrelse.

Det er spørsmålsmodulen som ligg inne i TicketCo – og som alle arrangørar kan velje å nytte seg av – som leverer dei nemnde dataene til Sogndal Fotball. Denne gjer også klubben kontaktinfo til alle foreldre, slik at dei enkelt når ut med informasjon både før og under fotballskulen.

– Desse dataene vil vi og nytte til å informere foreldra om dei ulike fotballakademia våre. Sogndal Fotball arrangerer miniakademi kvar laurdag heile hausten for barn i første til tredje klasse, og for dei frå fjerde til åttande klasse arrangerer vi barneakademi etter skuletid – med varmmat, leksehjelp og trening. Fotball er ein viktig ting i Sogndal, og klubben er viktig for dei aller fleste som bur her, slår Heggestad fast.

 

Pin It on Pinterest

Share This